KI-retningslinjer
No ein del av personvernerklæringa vår
KI-retningslinjene våre er punkt 12 i personvernerklæringa til Stash2Go. Før stod dei på denne sida. Når alt står i eitt dokument, er det éin stad å lesa og éin stad å halda rett.
Innhaldet er det same:
- Me lagar aldri oppskrifter med KI. Ein strikke- eller hekleoppskrift må vera laga av eit menneske.
- Alle KI-funksjonar er slått av når du installerer appen. Du slår på det du vil ha.
- Éin bryt slår av KI heilt. Då køyrer ingenting, og ingenting blir sendt.
- Ingenting som blir sendt, kan brukast til å trena KI, heller ikkje informasjon som allereie er offentleg.
- Appen verkar fullt ut med KI slått av.